Samandrag
Vegtilsynet har i denne tilsynssaka har undersøkt korleis Statens vegvesen, Region øst styrer og følgjer opp driftskontraktar.
Vegtilsynet har valt to driftsprosjekt: driftsprosjekt 0201 Asker og Bærum og driftsprosjekt 0202 Romerike vest.
Tilsynssaka har teke føre seg tre problemstillingar:
Første problemstilling var å avklare om Statens vegvesen, Region øst styrer driftsprosjekt i samsvar med krav. Det vart funne to avvik under denne problemstillinga. Tilsynet har vist at dei styrande dokumenta ikkje er utarbeidd og brukt i samsvar med krav. Tilsynet har òg vist at prosjektorganisasjonen ikkje er i samsvar med krav, og at stillingsinstruksar i lita grad er utarbeidd og tilpassa dei konkrete driftsprosjekta.
Den andre problemstillinga spurte om Statens vegvesen, Region øst etablerer samarbeid for driftskontraktar i samsvar med krav. Tilsynet viste at samhandlingsprosessen i liten grad er dokumentert. Det er til dømes ikkje dokumentert at samarbeidsmøta har omfatta utarbeiding av felles mål og utvikling av samhandlingsprosedyrar. Berre det eine prosjektet hadde avklart prosedyre for konfliktløysing.
I den tredje problemstillinga ville Vegtilsynet undersøkje om Statens vegvesen, Region øst gjennomfører kontrakten i samsvar med krav. Det vart funne fem avvik og gjort to observasjonar. Vegtilsynet vurderer det slik at Statens vegvesen, Region Øst samla sett, ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer opp gjennomføringa av kontrakten i samsvar med krav. Dette har mellom anna samanheng med:
Dei to driftsprosjekta har ulik tilnærming til utarbeiding av plantal, noko som gjer at styringsinformasjon kan bli rapportert på feil grunnlag.
Det er ikkje gjennomført felles kontrollar i samsvar med krav for nokon av prosjekta.
Når det gjeld oppfølging av gjennomførte kontrollar, har tilsynet vist at driftsprosjekt 0201 Asker og Bærum ikkje følger opp avvik i samsvar med krav.
Manglar vert ikkje følgt opp i samsvar med krav.
Tilsynspart gjennomfører ikkje byggemøte i samsvar med krav, dette gjeld både frekvens og innhald.