Samandrag
Dersom hendingar på vegnettet fører til at vegar må stenge, kan dette gje store utfordringar når det gjeld framkommelegheit og trafikksikkerheit. Statens vegvesen har ansvar for å etablere rutinar for handtering av hendingar, slik at ulemper for trafikkavviklinga og konsekvensar for trafikksikkerheit blir minst mogleg. Vegtilsynet har gjennomført ei sak som gjeld trafikkberedskap med særleg fokus på planlegging av omkøyringsruter. Tilsynspart i saka er Statens vegvesen, Region sør. Delar av saka er avgrensa til vegavdelingane Buskerud og Telemark.
Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region sør sikrar høg trafikksikkerheit, god framkommelegheit og regularitet dersom hovudvegnettet blir stengt. Tilsynssaka har teke føre seg to problemstillingar:
For det fyrste ville Vegtilsynet undersøke korleis arbeidet med omkøyringsruter blir styrt og følgt opp i Statens vegvesen, Region sør. Gjennom denne problemstillinga fekk Vegtilsynet forklart kven som utarbeider planar for omkøyringsruter, kor dei blir lagra og korleis dei blir følgt opp i Region sør. Dokumentasjonen Vegtilsynet har fått tilsendt har ikkje beskrive ansvar og prosess for utarbeiding av regionen sin samla plan for omkøyringsruter. I tillegg er Vegavdelingane sitt ansvar i liten grad beskrive.
For det andre ville Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen, Region sør utarbeider planar for omkøyringsruter i samsvar med krav. Tilsynet tyder på at det er svakheiter ved regionen sitt system for gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalyse og utarbeiding av plan for omkøyringsruter. Tilsynet viste også at det manglar ein samla regional plan for omkøyringsruter og at enkeltplanar for omkøyringsruter i vegavdelingane Buskerud og Telemark ikkje er i samsvar med krav. I tillegg har dei som er involvert når planane skal settast i verk, ulike versjonar av planane.
Funna tilseier at det er ein risiko for at endringar i vegnettet ikkje blir fanga opp ved utarbeiding/revidering av planar for omkøyringsruter. I tillegg viser funna at brukarane av planverket ikkje har tilgang til lik og tilstrekkeleg informasjon om omkøyringsalternativa ved stenging av veg.
Vegtilsynet vurderer på denne bakgrunn at Statens vegvesen, Region sør ikkje utarbeider planar for omkøyringsruter i samsvar med krav. Dette kan ha som konsekvens at det blir sett i verk planar for omkøyringsruter som ikkje i tilstrekkeleg grad tek i vare omsyn til trafikksikkerheit, framkommelegheit og regularitet.