Samandrag
Driftskontraktane er Statens vegvesen sin reiskap for å oppretthalde funksjonen på vegnettet. God kvalitet på drifta av vegnettet er viktig for trafikksikkerheita. Ettersom sjølve driftsoppgåvene vert utført av entreprenørar er Statens vegvesens oppfølging av driftskontraktane og kontroll med det utførte arbeidet av stor betyding.
Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region sør følger opp og kontrollerer driftskontraktane med stikkprøvekontrollar i samsvar med krav.
Tilsynet omfattar driftskontraktane Ringerike, Hallingdal og Vest Telemark.
Mangelfull planlegging av stikkprøvekontrollar
Tilsynet har vist at planlegginga av kontrollar er mangelfull. Ein av driftskontraktane hadde ikkje lagt inn plantal i rapportering- og oppfølgingssystemet. To av driftskontraktane hadde ikkje utarbeidd grunnlag for plantal for 2016. For desse to går det ikkje fram korleis dei har sikra at plantala er i samsvar med føringar og er tilpassa den enkelte driftskontrakt. Vidare var ikkje vekeplanar i samsvar med grunnlaget for plantala eller i samsvar med plantala.
Lågt kontrollnivå
Tilsynet har vist at stikkprøvekontrollar ikkje vert gjennomført i samsvar med plan. Tal utførte kontrollar av planlagde kontrollar var mellom 50 prosent til 89 prosent i kontraktperioden. Kontrollnivået var lågt, særleg på gang- og sykkelveg, der tal utførte kontroller av planlagde kontrollar var mellom null prosent og 22 prosent.
Ufullstendig oppfølging av manglar
Vegtilsynets undersøkingar viste ufullstendig registrering av manglar. Feil arkivering førte til at det vart vanskeleg å halde oversikten over manglane i arbeidet med å korrigere og førebygge. Dette kan også føre til at manglane ikkje vert registrert i kontrollrapportane som gir styringsinformasjon til regionen og Vegdirektoratet. 45 prosent av undersøkte manglar var ikkje behandla slik dei skal i høve til kontrakten.
Tilsynet tyder på at manglar som har oppstått tidlegare ikkje fører til økonomiske sanksjonar for to av dei tre kontraktane.
På grunnlag av det som er avdekka under tilsynet er Vegtilsynets vurdering at Statens vegvesen, Region sør, ikkje følger opp alle driftskontraktane i samsvar med krav. Spesielt mangelfull er oppfølginga av gang- og sykkelvegar. Vegtilsynets stikkprøvekontrollar viste at gang- og sykkelvegnettet ikkje oppfylte krava til driftstilstand på det tidspunktet Vegtilsynet undersøkte.
Det kan synast som om det er for svak opplæring og kunnskap omkring bruken av rapporterings- og oppfølgingssystemet og gjeldande regelverk. Dette kan vere medverkande årsak til at planlegging og oppfølging av stikkprøvekontrollar ikkje skjer i samsvar med krav.
Rapporten inneheld åtte funn og Vegtilsynet har med bakgrunn i desse gitt tre tilrådingar.