Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region midt. Tilsynssaka omhandlar kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av tiltak.

På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avvika.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å vurdere Statens vegvesen, Region midt sitt arbeid med å styrke trafikksikkerheita i arbeidsvarslingsområde.

Vegtilsynet har undersøkt sju veganlegg for å sjå om arbeidsvarslinga er i samsvar med krav. Vegtilsynet har sett på Region midt si oppfølging av eit vedtak i etatsleiarmøte frå 2011, der det vart vedtatt å styrke arbeidsvarsling både organisasjons- og ressursmessig. I tillegg er det undersøkt korleis byggherren sikrar at registrerte feil og manglar ved arbeidsvarslinga vert retta.

Vegtilsynet fann at regionen:

  • ikkje har teke i vare sikkerheita til trafikantane godt nok

  • ikkje sikrar at risikovurderingane i arbeidsvarslingsplanane avdekker alle farlege forhold for trafikantane

  • ikkje i tilstrekkeleg grad har sørga for at RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å bedre standarden på arbeidsvarslingen» vert gjennomført som føresett

  • ikkje har rutine på at arbeidsvarsling er fast punkt på byggemøta

  • har følgt opp registrerte avvik og dokumentert dei ved lukking

Vegtilsynet har funne to avvik som vil verte følgt opp med Region midt. I tillegger det gjort to observasjonar.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Arbeidsvarslinga i Region midt tek ikkje i vare sikkerheita til trafikantanegodt nok.
Funn 2 - Avvik
Region midt sikrar ikkje at risikovurderingane i arbeidsvarslingsplanane avdekker alle farlege forhold for trafikantane.
Funn 3 - Observasjon
Statens vegvesen, Region midt har ikkje i tilstrekkeleg grad sørga for at RLM-vedtak 04-12 «Tiltak for å bedre standarden på arbeidsvarslingen i Region midt» blir gjennomført som føresett.
Funn 4 - Observasjon
Region midt har ikkje rutine på at arbeidsvarsling er fast punkt på byggemøta.
Funn 5 - Ingen funn
Byggherren har sikret at registrerte feil og manglar har vorte retta opp, med ein etterfølgande kontroll.