Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Vinterplan

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen.

Tilsynssaka omhandlar utarbeiding av vinterplan og gjennomføring av møte i samband med vinterdrift. Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tema
Drift og vedlikehold
Tilsynspart
Statens vegvesen
Status
Lukka
Tilsynsform
Systemtilsyn
Publiseringsdato

Samandrag

For å sikre trafikktryggleiken og framkomst på vegen om vinteren, har Statens vegvesen fastsett standardkrav for vinterdrifta. Standardkrava dannar grunnlaget for driftskontraktar som vert inngått mellom Statens vegvesen som byggherre og entreprenørane som utfører vinterdriftsoppgåvene. Vegtilsynet sitt mål med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar at kontraktskrava til utarbeiding av vinterplan og til gjennomføring av møte i samband med vinterdrift vert følgt.

Vegtilsynet har undersøkt 22 driftskontraktar inngått etter 01.01.2020. Undersøkinga og datainnhentinga er avgrensa til vintersesongen 2022/2023.

Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen i hovudsak sikrar at kontraktskrava til vinterplan vert følgt. Alle vinterplanar vert mottatt, gjennomgått og kommentert, men åtte av 22 planar vart mottatt etter frist. Det er viktig at vinterplanar vert mottatt innan frist slik at vurdering og eventuelle tilpassingar i planane kan gjerast før vintersesongen startar.

Tilsynssaka viste vidare at kontraktskrava til gjennomføring av vintermøte og vinterplanmøte i hovudsak vert følgt. Dei fleste vinterplanmøta og alle vintermøta vart gjennomført, men 15 av 22 referat frå vintermøte vart mottekne etter frist. For vintermøta før første vintersesong viste tilsynssaka at dei fleste møta var gjennomført, men at det mangla fleire referat. Vintermøta er viktig for å sikre at dei som skal utføre vinterdriftsoppgåvene har fått ein gjennomgang av sentrale punkt ved vinterdrifta. Vinterplanmøta er viktig for å sikre at driftsleiinga hjå entreprenør og byggeleiinga hjå byggherre får felles forståing for vinterdrifta.

Tilsynsresultat

Avvik
Mangel på samsvar med krav
Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart.
Ingen funn
Undersøkelsen har ikke avdekket avvik eller observasjoner
Funn 1 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje mottatt alle vinterplanar innan fastsett frist.
Funn 2 - Avvik
Statens vegvesen har ikkje mottatt alle referat frå vintermøte innan fastsett frist.