Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Ledebil i tunnel

Foto: Vegtilsynet

Vegtilsynet har undersøkt i kva grad det vert gjort risikovurderingar, og utarbeidd planar, for å ivareta sikkerheita ved alvorlege hendingar som kan oppstå medan det vert utført manuell trafikkdirigering i tunnel. Vidare er det undersøkt om slike planar er gjort kjent for dei som treng det og om føresetnadane for risikovurderingar og planar vert følgde opp. Undersøkinga var ikkje eit tilsyn, og Vegtilsynet vil difor ikkje formelt følge opp registreringane.

Samla sett viste undersøkinga at det var alvorlege faglege manglar ved kvaliteten på risikovurderingane som vert utført i samband med manuell trafikkdirigering med ledebil i vegarbeidsområde med tunnelar. I dei fleste vegarbeidsområda som vart undersøkt, meiner Vegtilsynet at planane ikkje var tilstrekkelege til å sikre ei vellukka handtering av alvorlege hendingar som kan oppstå under manuell trafikkdirigering med ledebil. Der det var planar, var ikkje desse kjent for trafikkdirigentane som skulle handtere situasjonen. I den grad trafikkdirigentane hadde planar, mangla viktige føresetnadar for planane, slik at det var stor risiko for at planane ikkje ville fungert som tiltenkt.

Vegtilsynet meiner undersøkinga har vist at det ikkje er tatt tilstrekkeleg lærdom etter brannane i Fjærlandstunnelen og Gudvangatunnelen.

Vegtilsynet meiner rapporten vil vere nyttig for alle som utfører, får utført eller driv manuell dirigering i samband med, arbeid i tunnel.

Last ned rapportane for å lese meir:

Fleire saker

Nyhende

Utgreiing - Sjølvredning i lange eitt-løpstunnelar

Nyhende

Trafikksikkerhet for motorsyklister

Nyhende

Effektvurdering av sikkerhetstilrådinger